Hemmeleg er ein berekraftig restaurant for gode matopplevingar midt i matfatet på Jæren.
Me serverer ærleg og ekte mat med skikkelege råvarer frå stolte produsentar.
Med ein god dose hemmeleg kreativitet vil me gje gjestene våre ei ugløymeleg oppleving.
Hemmeleg opna august 2019 og er ein restaurant med hemmelege matopplevingar, a la carte
og mat du kan ta med heim. Me er ein nynorskrestaurant med rom for kreativitet, leik og kjærleik.
Me har ei unik nærleik til våre leverandørar og skal løfta den lokale bonden i presentasjonen
av maten me serverer.
Me er bonden Jone Wiig, kokken Arne Nese, ølsomelieren Bjørn Hagerup Røken og kreativ leiar Frode Hagerup jr.
Vår dyktige kjøkkensjef, Jim Vatland, leier våre kokkar og me jaktar etter ein ny restaurantsjef.